Nyheter
4/17/2023
2023

Korleis kosa seg på tur

Førebuing i forkant av turen kan vera avgjerande for ein vellykka tur. Tilpass lengda på turen etter kven som skal vera med. Her finn du inspirasjon til korleis ein kan kosa seg på tur.

Korleis kosa seg på tur

Førebuing i forkant av turen kan vera avgjerande for ein vellykka tur. Tilpass lengda på turen etter kven som skal vera med.

Les mer om Neshagen Hyttegrend her

Les deg opp dersom du skal ut på ei heilt ny rute. Ut.no er ei lett og oversiktleg side/app der du kan sjå kva vanskeleghetsgrad turen har, kor lang turen er og kvar turen startar.

 

Pakk sekken med noko godt i. Om du kun skal på ein kort tur, er det alltid kjekt å kosa seg med ein kopp kaffi eller ein sjokoladebit når ein kjem fram.

 

Kanskje du vel å ta middagen ute denne dagen. Mange vel å tamed seg stormkjøkken. Forbered gjerne mest mogleg heime før du startar på turen. Det er for eksempel veldig enkelt å laga pannekakerøre og helle den på ei flaske. Då er det berre å steike pannekaker når ein kjem fram. Pølser og pinnebrød er og alltid ein suksess hos barn. Eller kanskje du kuttar opp grønnsaker heime og steiker kjøttdeig når du kjem fram og tek fredagstacoen ute.

Det er kun fantasien som stoppar deg.

 

Har du hengekøye, ta den gjerne med deg. Ungar elskar åbruke den som disse eller kanskje du brukar den sjølv for å få pusten att.

 

Det er og viktig å ta med seg nok klede. Skal du på ein fjelltopp, kan det vera lurt å ta med seg ein ullgensar du kan ta på deg so du ikkje frys på toppen når du skal kosa deg.

 

DNT har mange markerte løyper med raudt merke langs turane sine. Be barna gå fremst og sjå etter desse raude merkene. Dette gir meistringsfølelse og turen blir meir spennande.

 

Stopp opp og nyt naturen.

 

Minnar og om fjellvettreglane

 

Fjellvettreglene

1.   Planlegg turen og meld fra hvor du går.

2.   Tilpass turen etter evne og forhold.

3.   Ta hensyn til vær- og skredvarsel.

4.   Vær forberedt på uvær og kulde, selv på korte turer.

5.   Ta med nødvendig utstyr for å kunne hjelpe deg selv og andre.

6.   Ta trygge veivalg. Gjenkjenn skredfarlig terreng og usikker is.

7.   Bruk kart og kompass. Vit alltid hvor du er.

8.   Vend i tide, det er ingen skam å snu.

9.   Spar på kreftene og søk ly om nødvendig.

Se flere nyheter