Om Hardanger Feriesenter

Hardanger Feriesenter ligg vakkert til direkte ved Hardangerfjorden, midt mellom bygdene Norheimsund og Øystese i Kvam. Det er ca. halvannen times køyring fra Bergen og Flesland Lufthavn. Feriesenteret har hatt ei gradvis utvikling sidan etableringa i 1976, og er no eit av dei mest populære på Vestlandet. Meir enn 40 år i bransjen har gitt oss god kjennskap til distriktet, til våre kundar, og vi tilbyr mange spennande opplevingar.

Om feriesenteret

Med si heldige plassering ved Hardangerfjorden kan Hardanger Feriesenter tilby eit breit spekter av tenester for sine gjester. Vi har fleire typer hytter, camping, båt- og sykkel utleige, samt selskapslokaler for forskjellige typer arrangement. Og i nabolaget er det naturstier, eit flott klyngetun og kort veg til butikkar og kulturtilbod i Norheimsund og Øystese.

Vertskap og medarbeidere

Staben vår er ein samansveisa gjeng, og har lang erfaring i bransjen. Vi utviklar Feriesenteret, vi rydder og ordner og sjekkar , og passer på gjestene sitt ve og vel.

Tidslinje over vår lange historie

1600-talet
1700-talet
1800-tallet
1900 - 1970
1975 - 1980
1981 - 1990
1991 – 2000
2001 - 2010
2011 - 2020
2021 -

1600-talet

Det er no 12 generasjonar sidan bureisingsmannen Gjermund Bessesen starta gjenreisinga av Nes Garden etter svartedauden. Han var ein føretaksom mann som flytta til ei røykstove til gards, og så rydda han stein frå jordene ved fjorden. Etterkvart vart gardsdrifta utvida med fleire dyr, og nye generasjonar fann tilleggsinntekter i sal av tømmer frå skogen ovanfor til skottar og hollendar. Ei anna viktig inntektskjelde var sal av humle som vart til øl for rallarane i sølvgruvene, og ført med Normannaslepene over Hardangervidda til Kongsberg.

1700-talet

Midt på 1700-talet var Nes garden lensmannsgard, og røykstova vart nytta som sognet sitt første rettslokale. Gjermund Olsen Børve rusta opp hovudbygningen, førte opp stabbur, ny løe og fleire bygg på tunet. Det var elles god kontakt mellom gamle-lensmannen og futen på Halsnøy, og vi finn både dokument og medisin- og urteplanter frå denne kontakten. Føl ein pengestraumen frå bygde-lensmannen, via futen til lensherren på Bergenhus og så til kongen i København, får ein også få vita kvar midlane enda: Skatteinntektene frå bøndene i Norge vart nytta til betaling for nord-europas vakraste rennessanseslottet; Kristiansborg slott på Hellerød på Skjælland!

1800-tallet

På 1800 talet vaks det opp 9 born på tunet. I tillegg til det tradisjonelle jordbruket dreiv familien jaktefart på Lofoten, og produksjon av tønneband frå hatleskogen i Neshagen. Det var to husmannsplassar under bruket, og sjølvberginga gav ei maksimal utnytting av alle ressursane frå fjord til fjell. Med bruket låg inneklemt mellom to større gardar, og den situasjonen gav ingen høve til utskifting. Istaden utvandra 6 av dei 9 borna ut og til Canada.

1900 - 1970

Tøffe tider med store endringar i garden sitt driftsgrunnlag. Tradisjonell gardsdrift går hand i hand med tung satsing på fruktdyrking, seinare grønnsaker etter krigen og jordbær-produksjon på 1960 talet. Svak økonomi i jordbruket og sein mekanisering fører til at bonden til sist må søka betalt arbeid. Dei første forsøka med reiseliv blir prøvd ut.

1975 - 1980

Nes Gard vert omregulert frå jordbruk til ei vifte av ulike føremål. Eigedommen får sitt eige bustadfelt, hytteområde, campingplass, verna tun og skogsområde, m.v. Hardanger Feriesenter vart etablert 30. juni 1975. 8 fritidshus av typen Trybo blir bygd i skogbrynet på oversida av det gamle tunet. Campingplassen blir anlagt ned til fjorden, og eit nytt sanitæranlegg stod ferdig i 1978. Røykstova frå 1600 talet blir restaurert og teke i bruk som festlokale.

1981 - 1990

Servicebygget vert oppført med ny resepsjon, daglegvareutsal og barnehage i kjellaren. Båthavna blir flytta frå Nauststokken til Nesvika, og to pirar blir bygd for letta tilgjenget til båtane. Sanitæranlegget blir ombygd slik at det gir rom for klesvask, tømmerom for bærbare toalett og eit lite kjøkken. Tre nye fritidshus blir bygd i Nesvika, denne gongen med støtte frå forskningsråda og utstyrt med det siste nye innan miljøteknologi. Dette prosjektet pågjekk under bankkrisa i 1989, og firmaet fekk alvorlege problem då rentenivået nådde 23%.

1991 – 2000

Båthavna blir utvida med nytt stort flyteanlegg, og Marinaen på austsida av bukta blir murt opp. Nytt vaskeri og rekvisitalager blir innreia, og Gamlastovo får nytt kjøkken i Rombegangen. Barnehagen nedlagt og kjellaren i Servicebygget blir ominnreda til kursanlegg. Vegsystemet blir forlenga og caravanparken blir utvida mot aust. Dagleg leiar tok initiativ til å etablera ny reiselivsskole i Kvam, som seinare vart nedlagt. Hytta på Sjusete blir restaurert og får tekniske installasjonar.

2001 - 2010

Kontinentalferje-trafikken inn til Norge blir redusert til det halve grunna introduksjon av billigfly selskapa, og Feriesenteret bygger opp samarbeid med turoperatørar som erstatter det tapte kundegrunnlaget. Caravanpark familiane etablerer eigen medlemsorganisasjon, Nesvika Beboerforening. Feriesenteret får profesjonelt styre med hotellsjef som nestleiar. Ominnreiing av alle hytter med tematisering. Rydding av badeplass, areal for uteservering og ny leikeplass.

2011 - 2020

Oppføring av Møy- og Mannasalen som museumsbygg på tunet. Anlegging av Klosterhagen. Utviding av Tausastovo som vaktmesterbustad. Ny tysk vaktmester, nye verkstader og outsourcing av båtutleiga. Utvikling av kaféen og nytt kjøkken i kjellaren av Servicebygget. Terrassering av campingarealet, ny stor terasse ved fjorden og utbygging av vatn, straum og fiberanlegg til å dekka heile campingplassen. Omlegging av hovudvegen med ny avkjørsle og skilting frå omkjøringsvegen. Sal av 4 hytter i Neshagen i privatmarkedet.

2021 -

Teknologiske oppgraderingar med 3 nye generasjonar av reservasjonsystem og heimesider. Bygging av Instastovo som nytt møtelokale, og restaurering av Hovudbygningen på tunet. Ny regulering av eigedommane for å koma ajour med framtidsplanar. Planlegging av House Yacht som ny spydspiss på overnattingssida.

Nærområdet

I nærområdet rundt feriesenteret, finner du over 2000km med skogstier og videre tilknytning til turløyper mot Børve og Valland i variert kulturlandskap. Her finner du en av Norges største hole eiker som er over 1000 år gammel.

Ved siden av Feriesenteret, er det en klyngetun med 11 tavler hvor du kan orientere deg om historien. Dette er Klyngetunet på Nes Gard.

På odden nedenfor er det sju graver fra Merovingertiden på 800-tallet.

Bærekraftig turisme

Vi i Hardanger Feriesenter har i alle år fokusert på bærekraft i virksomheten vår. Alle våre bygg på feriesenteret har grønne tak. Fjordhusene i Nesvika benytter seg av aktiv og passiv solenergi og varmeoverskuddet blir brukt til forvarming på sanitæranlegget.