Instastovo møterom
Dette lokalet er verten si hylling av gullalderen i den norsk kulturen, slik den kom til uttrykk i kring århundreskiftet til 1900 talet. På denne tida spelte nasjonale straumar ved unionsoppløysinga saman med oppvurdering av kunsthandverket i Hardanger. Og samtidig fann vesentleg hendingar i garden si eiga soge også stad.
Dei unike stavkyrkjene våre, og funnet av dei tre vikingskipsgravene styrka den nasjonale historiske sjølvkjensla, og lokale kunsthandverkarar frå Hardanger representerte Norge på verdsutstillingane i Chicago og Paris. Familien på Nes Gard sprengte sine tradisjonelle råmer og deltok i jaktefarten på nord-norge og emigrerte til Canada, medan dei nasjonale heltane nådde sør- og nordpolen.
Om Instastovo
Gullalderen spelte på mange strenger, og kulturen i Norge fekk si bløming innan målarkunst, musikk, skulptur, tekstil og arkitektur, - alt på same tid! Den særprega norske dragestilen utvikla seg parallelt med jugend, skjønvirke og historismen i Europa. Kort fortalt var framgangen til dei norske kunstnarane eit resultat av norsk heimlengt og europeisk dugleik. Ved å koma ut såg ein verdien av det heimlege, og impulsane ute styrka den latente evnene. Slik sett overgjekk dei seg sjølve, og kulturen blømde!
Desse rike impulsane har verten søk å samla for å gi gjestene eit inspirerande miljø for sine møter.
Kontakt oss
Hardanger Feriesenter AS
Hardangerfjordvegen 341, 5600 Nordheimsund
Kontaktinformasjon
booking@hardangerferiesenter.no+47 920 50 955Åpningstider
Alle ukedager 10:00 - 12:00 + 15:00 - 20:00
Kontakt oss for åpningstider i mellomsesongen